For kommunar
Målfrid følgjer organisasjonskartet dykkar
Staben til kommunedirektøren, heimetenesta og byggesak arbeider ikkje likt. Kvar eining får reglar som passar, og kommunen set dei sjølv: kva for modellar, kunnskapsbasar og dataklassar som gjeld, og kven som kan lage og dele eigne assistentar og flytar.
Dette får kommunen
Reglar som følgjer organisasjonen
Kommune, sektor, eining og team er sette opp som i organisasjonskartet. Rettar, reglar og deling blir arva nedover, og gruppene frå Entra ID blir henta inn automatisk.
De set reglane
Tillatne modellar, slettefristar, innloggingskrav og standard dataklasse blir sette på eininga. Det de låser, kan ikkje mjukast opp lenger ned.
Eigne kunnskapsbasar
Reglement, rutinar, planar, lover og møteprotokollar. Kvar kunnskapsbase har ein eigar og ei delingsgrense.
Eigne assistentar og flytar
Tilsette skriv kva oppgåva er, og Målfrid lagar ein assistent, ein flyt eller ei oversiktsside. Verktøyet blir prøvd på ekte data før det blir teke i bruk, og kan delast med eininga eller heile kommunen.
Innsyn og arkiv
Vi leverer innsynsmodul, eksport som Noark 5-pakke og reglar for sletting.
Bokmål eller nynorsk som standard
Kommunen vel bokmål eller nynorsk som standard. Tilsette kan skifte for seg sjølve, og generert tekst følgjer valet.
Dokumentasjon til vurderinga
DPIA-underlag, ROS-analyse, databehandlaravtale, vilkår for bruk og KI-register ligg i innkjøpspakken. Personvernombodet og IKT byggjer dei eigne vurderingane til kommunen på dei.
Slik går ein pilot føre seg
Vi set opp piloten saman med eit lite team i kommunen. Tilsette i to eller tre einingar brukar Målfrid i det daglege arbeidet, medan IKT, personvernombod og arkiv følgjer med på oppsettet og loggen.
- Oppstart: einingar, Entra ID, dataklassar og reglar
- Innhald: kunnskapsbasar frå reglement, planar og møteprotokollar
- Bruk: eigne assistentar og flytar laga i byggjaren, døme frå katalogen og kurset i KI-kompetanse
- Evaluering: bruk og kostnad, og kva som bør endrast
Bli med i pilotgruppa
Vi set opp tenesta for kommunen, dei første kunnskapsbasane og hjelper dei første brukarane å lage assistentar og flytar for sine eigne oppgåver. Send oss kommunenamn og innbyggartal, så tek vi kontakt for å avtale ein prat.