Innebygd i Målfrid

Arbeidsrom

Delte rom for team og saker, med samtalar, kunnskap, dokument og notat på éin stad.

Kven brukar han: Team, prosjekt og saksgrupper. Rommet er eigd av ei eining, og medlemmene har rolla eigar, redaktør eller lesar.

Tilbake til produktoversikta

Ei sak som varer i månader, treng éin stad for det teamet har funne ut

Når kvar tilsett jobbar i sin eigen chat, ser ikkje kollegaene kva som er spurt og svart. Den som tek over saka, må byrje på nytt, og teamet mistar oversikta over kva som er avgjort.

Å dele på e-post eller i Teams gir ingen kontroll over kven som ser kva, eller kva dataklassar som blir delte.

Slik verkar det

  1. 1. Opprett rom og set taket

    Gi rommet eit namn og ei høgste dataklasse. Samtalar, kunnskapsbasar, dokument og notat i rommet kan ikkje ha høgare klasse enn taket.

  2. 2. Inviter med rett rolle

    Medlemmer er eigar, redaktør eller lesar. Lesarar kan sjå innhaldet. Redaktørar kan òg skrive i delte samtalar, kommentere og dele.

  3. 3. Del det som høyrer til saka

    Del samtalar frå chatten, fest kunnskapsbasar, del dokument og skriv notat med versjonshistorikk.

  4. 4. Kommenter og følg med

    Redaktørar og eigarar kommenterer samtalar og dokument, og aktivitetsfana viser kva som har skjedd i rommet.

  5. 5. Arkiver når saka er ferdig

    Eit arkivert rom er skriveverna og kan opnast att.

Eit rom for kommuneplanarbeidet

Eit fiktivt rom med fire medlemmer og tak på intern.

Illustrasjon av eit arbeidsrom med medlemmer, roller og delt innhald. Døme med fiktive data.

Det han ikkje gjer

  • Gir ikkje tilgang til kunnskapsbasar du ikkje har tilgang til frå før. Å feste ein base deler ikkje basen.
  • Lèt ikkje innhald over taket til rommet bli liggjande synleg. Blir dataklassen på ein samtale heva over taket, er han ikkje lenger tilgjengeleg for medlemmene.
  • Viser ikkje samtalar om personopplysningar utan sterk pålogging med tryggleiksnøkkel eller Windows Hello.
  • Erstattar ikkje saksarkivet. Det som skal journalførast, blir journalført i arkivsystemet til kommunen.

Dataklassar, logging og menneskeleg kontroll

  • Dataklassar

    Taket gjeld alt i rommet, og blir kontrollert òg etter at noko er delt.

  • Logging

    Oppretting, deling, endring av medlemmer og arkivering blir registrerte, og rommet har ei eiga aktivitetsfane.

  • Menneskeleg kontroll

    Eigaren av rommet avgjer medlemmer og roller. Delte dokument er merkte som utkast til dei er kvalitetssikra.

Les om personvern og etterleving

Vil de ta i bruk Målfrid i kommunen?

Vi set opp ein pilot saman med dykk, med kjeldene og reglane til kommunen.