Eksempel laga i byggjaren

Vedtakssjekk

Eit ferdig eksempel: avgjerdsstøtte som sjekkar vedtaksbrev og saksframlegg mot ei sjekkliste før dei blir sende.

Kven brukar han: Saksbehandlarar, leiarar og administratorar. Politisk sekretariat brukar han på saksframlegg.

Tilbake til produktoversikta

Små manglar i eit vedtak kan bli store saker

Eit vedtaksbrev utan klagerett, utan grunngjeving eller utan merking av opplysningar under teieplikt kan ende som klagesak, omgjering eller avvik. Sjekklistene finst ofte berre i hovudet på dei mest røynde.

Saksbehandlar treng ei rask gjennomgang før brevet blir sendt, som peiker på det som manglar og kvifor.

Slik verkar det

  1. 1. Legg til eksempelet

    Under Eksempel i Verktøy legg du «Vedtakssjekk» til som ein eigen kopi. Kopien kan brukast som han er, eller endrast.

  2. 2. Vel kva som skal sjekkast

    Last opp ei Word- eller PDF-fil, eller vel eit dokument du har i Målfrid, òg frå dokumentvisinga. Vel kva versjon av forvaltingslova som gjeld, eller la feltet stå tomt for å bruke innstillinga til eininga.

  3. 3. Sjekk mot regelpakkar

    Teksten blir sjekka mot versjonerte regelpakkar med stikkord og mønster. Kvar regel har ei rettskjelde med lenkje til Lovdata, og ein regel utan kjelde kan ikkje lastast.

  4. 4. Valfri KI-kontroll

    KI blir berre brukt der stikkordsjekken ikkje fann punktet, og berre viss dataklassen og innstillingane til eininga tillèt det. Alle sitat frå modellen blir verifiserte mot teksten.

  5. 5. Du godtek eller avviser

    Du får funn som manglar, bør og forbetring, med grunngjeving og rettskjelde, og framlegg til tekst for avsnitt som manglar, til dømes klagerett. Du godtek, avviser eller rettar kvart framlegg.

  6. 6. Framlegga blir lagde inn

    I ei Word-fil kjem godtekne framlegg inn som spora endringar i ein ny kopi, og i eit dokument i Målfrid blir dei ei ny utgåve. Ei PDF kan sjekkast, men framlegga blir ikkje lagde inn.

  7. 7. Rapport

    Til slutt skriv ein modell ein kort rapport om funna og det som vart avgjort, og lagrar han som eit notat.

Kommunen kan endre stega og rapporten i kopien sin, eller lage ein tilsvarande sjekk for andre dokumenttypar.

Resultat av ein sjekk

Eit fiktivt vedtaksbrev om avslag på ein søknad. Sjekken finn éin mangel og to forbetringspunkt.

Illustrasjon av resultatet frå Vedtakssjekk med funn sorterte etter alvorsgrad. Døme med fiktive data.

Juristen i kommunen bør gå gjennom regelpakkane før dei blir tekne i bruk

Pakkane for ny forvaltingslov (vedteken 2025, ikkje i kraft), helse og omsorg, plan- og bygningslova og kommunelova er ikkje gjennomgåtte av jurist, og paragraftilvisingane i den nye lova må stadfestast når ho tek til å gjelde. Òg pakkane utan merke byggjer på stikkord og erstattar ikkje ei juridisk vurdering.

Det han ikkje gjer

  • Gjer ikkje vedtak og føreslår ikkje utfall. Funksjonen er avgjerdsstøtte for saksbehandlaren.
  • Erstattar ikkje vurderinga til saksbehandlaren eller juristen. «Ser klar ut» tyder berre at kontrollpunkta vart funne i teksten.
  • Vurderer ikkje om faktum er rett eller om skjønnet er godt.
  • Gir ikkje ei rettskjelde han ikkje har fått frå regelpakken. Funn utan kjelde finst ikkje.

Dataklassar, logging og menneskeleg kontroll

  • Dataklassar

    KI-kontrollen blir berre brukt når dataklassen tillet det, og du får beskjed viss han ikkje er tillaten. Stikkordsjekken køyrer utan modell.

  • Logging

    Kvar sjekk blir registrert i revisjonsloggen med regelpakkar, versjon og tal på funn, utan dokumentteksten.

  • Menneskeleg kontroll

    Ingenting blir lagt inn før du har godteke det, og saksbehandlar avgjer kva som blir retta og kva som blir sendt.

Les om personvern og etterleving

Vil de ta i bruk Målfrid i kommunen?

Vi set opp ein pilot saman med dykk, med kjeldene og reglane til kommunen.